mandag 8. august 2011

Vakre, vakre Rosendal


Min favorittstad er utan tvil Rosendal. Den vakre bygda som ligg omkransa av store, mektige fjell, fossar og fjord, og med ei lang og spennande historie bak. 

Eg har så lenge eg kan hugse vore tiltrekt og interessert i Baroniet og historia der. Eg var ikkje gamle jenta då bror min tok meg med på mi første omvisning i det vesle slottet, og etter det gjekk eg på fleire omvisningar kvar sommar, og skreiv ned alt eg hugsa etterpå.


Draumen min i mange år var å få sommarjobb som omvisar her inne.... men slik vart det aldri.


Hit går eg rusleturar kvar gong eg er på min "andre heimstad", nyt alt det vakre som er å sjå og ikkje minst roen som er her. Denne sommaren har det blitt alt for lite tid i Rosendal, men eg satsar på at hausten kjem med fine helger!


For 8 år sidan gifta eg meg i den gamle steinkyrkja i bygda. Festen hadde vi på fjordhotellet, men vi reiste først med hest og kjerre opp til Baroniparken for å ta bilete. Det var ein fantastisk dag, ei fantastisk helg! Bygda fekk vist seg frå si beste side i strålande solskin - ekstra kjekt for alle dei tilreisande gjestane!



Eg trur mange menneske har slike favorittstader. Stader ein knyttar gode minne og opplevingar til. For meg er det alle dei gode minna og opplevingane frå helger og ferier hos besteforeldra mine (på begge sider!): rommet mitt på loftet i "mormor-huset", sauebreking og hanen som gol alt for tidleg på morgonen, Svarte Per med mormor ved kjøkkenbordet, handletur med farmor, farfar som song og spelte på sine trepinnar, farmor si blautekake..... Og Baroniet. Eg kjem ikkje unna at dette flotte huset, parken og historia har sett spor hos meg.
No håpar eg at min vesle alv skal få gode opplevingar, minne og tilknytning til denne vakre bygda, og til det som òg er blitt hennar "mormor-hus".