mandag 31. januar 2011

Vil du bli med inn på do?!?


...bare for å ta ein liten kikk på korleis vi har det altså...



Startar omvisninga på eit av dei minste romma, nemleg gjestetoalettet/badet, eller vetladoen på folkemunne ;)



Durance lys, såpe og handkrem....er så glad i det merket der....
Ei søt lita eske med ei såpe oppi som eg fekk av ein herleg kollega til jul....
Og ikkje minst eit lite skilt... Av og til så lettar det litt på tanken om den runde magen og trippelhakene iallfall.... "Please God, if you can`t make me thin make my friends fat".... ;)



Kjøpte dette bilete på Kremmerhuset, billig billig!! Syns teksten er så fin, og så er det jo kjekt å ha noko å lese på når ein må ta seg ein tur på vetladoen ;)
Då eg sat der ein dag og las gjennom teksten skikkeleg så oppdaga eg til min skrekk at det var ein skrivefeil!!!.....slikt irriterar ein norsklærar... "For ikke viSte jeg at dagene som gikk var selve livet"... Kva er det for noko tull??? Men ok, innhaldet er så bra ellers, så eg får bare bite i meg den der...



Då Havna Interiør hadde sluttsal i butikken kjøpte eg denne fine korga frå Krasilnikoff. Har hatt den ståande lenge og vente på at gjestebadet skulle bli ferdig....den SKULLE stå der inne ;)



Av og til så er det altså slik at ein treng litt god tid på vetladoen, og då kan det vere kjekt å ha noko meir enn eit fint bilete å kikke på! På hylla over toalettet står derfor litt "lett lektyre" for dei av våre gjester som ønskjer slikt :)



Skap, servant og lampe frå IKEA, spegel frå Bohus.
Tvers over her, til venstre, har vi sett inn eit dusjkabinett. Veldig greit å ha ein dusj nr 2, ikkje minst når vetladoen ligg vegg i vegg med gjesterommet òg!

8 kommentarer:

  1. Åh så fint....og med de koselige detaljene da!!
    Kjekt å pynte litt på gjestedoen.....men nå må du ikke drive vranglære Anne :o)
    Glad du likte premien din!!

    Ha en fin dag.....og nyt at vi er i februar :o)

    SvarSlett
  2. Vranglære???? Eg?
    Aldri! ;)

    SvarSlett
  3. Hei Anne.

    Så kjekt å bli invitert inn i huset ditt med bildene og tekstene du legger ut her. Må sei eg er imponert over alle detaljane. Fantastisk fint - gler meg veldig til å fylgja bloggen din vidare :-). Ha ein flott dag. Klem frå Elin

    SvarSlett
  4. Å, så fint, Anne. Du har virkelig evnen til å lage det superkoselig!! Klem fra Berit

    SvarSlett
  5. Hei Anne!
    NÅ tror jeg endelig at jeg har skjønt hvordan en legger inn kommentar:O)
    Har prøvd før,uten å få det til...
    Så koselig blogg du har og huset deres ser jo bare nydelig ut!!
    Og på en av Os vakreste tomter...
    Du må jo bare legge ut bilder utav utsikten deres, for den er jo bare til å dåne av..
    Gleder meg til å følge deg videre.
    Klem fra Anne på landet!

    SvarSlett
  6. Så fint du har gjort det der inne på do.....flott blogg har du og. Legger meg til jeg så "sees" vi igjen.
    Velkommen inn til meg om du har lyst.
    Takk for titten!
    De beste ønsker fra ida

    SvarSlett