søndag 30. januar 2011

Heldige meg!!!



For ei stund sidan var eg så heldig å bli trekt ut i Give away`en hos Liven! Det er første gong eg har vunne i ein Give away, og eg var sjølvsagt VELDIG glad og VELDIG spent på kva premien var!! Og i går ettermiddag då eg kom heim frå handletur, så hang det ein pose på døra....



Inni den fine pakken var det ei herleg mugge frå Ib Laursen og eit blomstrande kjøkkenhandkle frå Green Gate!!! Skjønar at eg vart ganske så superglad og takknemleg då eller?? Eg seier det igjen, Liv - tusen, tusen takk! For meg som er litt svak for fine mugger, og som verkeleg har behov for å bytte ut dei gamle, fillete kjøkkenhandklea, var dette midt i blinken!!! Eg er SÅ glad!



Og ikkje bare var det fine gåver inni pakken, det var eit kjempeskjønt kort frå Salige Lavendel òg! Har handla hos henne før og gitt bort, og det er så mykje fint! Og no fekk eg eit òg :)



Eg har sagt det før, og eg seier det igjen - heldige meg!!



Det har vore SVÆRT stille på bloggen min i det siste.... Full rulle med innflytting rett før jul, og så sjukdom hos vesle alven vår som resulterte i ei veke på barneklinikken rett etter nyttår, så då er det ikkje blogging som har blitt prioritert... Men no er vi friske og raske, og vi byrjar iallfall å komme litt meir i orden her, så no skal eg komme igang igjen snart! Har blitt oppfordra til å vise litt korleis vi har fått det, så no kjem det nok litt meir her etterkvart! Byrja å ta litt bilete i dag ;)
Ha ei strålande veke!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar