onsdag 25. august 2010

(be)KLEDNING!


Då har huset byrja å få kle(dning) på seg! Fint syns eg! Blir liksom litt meir hus ut av det med ein gong då.


Vi er igang med maling òg, like greit å få gjort det no. Reknar med at det er meir enn nok som skal gjerast i hagen til våren og sommaren igjen...
Her er det pappa som har vore og fått malt to strøk allereie i gavelen på eine sida. Kledningen kom ferdig grunna, så då er det nok med to strøk maling - heldigvis!
Rein kvitfarge blir det både på veggar og lister.






Her er det lagt to lag med isopor, og så skal det i løpet av veka komme varmekablar oppå. På måndag kjem det folk som skal legge finstøyp oppå kablane.
Ifølge husbonden sin blogg er det han og pappa som har arbeida med dette, og dei har gjort ein kjempejobb! Men bare for å ha alt på det reine - eg har faktisk vore med eg òg... :)

søndag 8. august 2010

Mens eg ventar.....







...på at huset skal få "kvilt seg" og tørka ferdig i ferien, har eg, av alle ting, funne fram symaskina. Mamma si symaskin, må vite. Eg har ikkje ei eiga, for å sy har ALDRI vore noko for meg. Eg hugsar ikkje kva eg hadde i tekstilforming på ungdomsskulen, eg må vel ha fortrengt det.




For nokre år sidan kjøpte eg eit kvitt stoffstykke der eg berre skulle sy inn kantane for å bruke stykket til duk, men det er ikkje "berre berre". Eg kunne jo ikkje ein gong sy ei rett linje!





Men så er det sånn då, at eg har sett så mykje fint som eg har hatt lyst til å prøve å sy sjølv. Mykje kan ein kjøpe, men det er ofte dyrt, og så er det jo kjekt å få til å lage noko sjølv òg.




Tidleg i sommar var eg på Stoff og Stil, og du kor mange fine stoff som var der! Så eg kjøpte. Og posen med stoffa har blitt liggande i boden. Men no i veka fant eg ut at det var berre til å kaste seg i det, og prøve seg fram. Det gjekk ikkje så verst då, eg klarte til å med å feste tråden riktig på maskina ved første forsøk! Kanskje det er litt slik som å sykle? Når ein først har lært det, så..?!





Resultata vart iallfall ei vimpelrekke som alven skal få ha på rommet sitt i nyehuset, og ei pute til kjøkkenbrisken min. Og får eg sei det sjølv, så er eg ganske så nøgd!




Kanskje det blir ønskje om symaskin til neste bursdag?? :)