torsdag 24. juni 2010

Store vingauge...så eg kan sjå betre...

Då er vindauga på plass! Og det blei så bra!! Akkurat slik eg ville ha det, og enno litt betre ;)
Jo, eg meiner framleis at små sprosser inni dei store øverst hadde vore ganske så "najs", men det er greit. Det var fint dette òg :)
Det var viktig å finne ein måte å behalde det "koselege"/nostalgiske, samtidig som vi ville ha masse lys og ikkje minst få inn utsikta vår. Syns vi har fått det bra til, om eg tør seie det sjølv. Er spesielt nøgd med at vi bestemte oss for vindauge heilt ned til golvet i spisestova!
Spisestovedelen med altan oppe framfor loftsstova.
Vaskeromsinngong/"grovinngong" og vindauge til venstre, utgong frå kjøkken og kjøkkenvindauge til høgre.
Inngongsparti (her kjem "dobbeldøra" mi :)), med badet oppe i 2.etg. Stort vindauge der oppe...godt med innsyn...trur det kan vere lurt å få opp noko folie eller liknande på vindauget der ja ;)
Utsikt frå spisestova. Eller vinterhagen som Byggmester Bjarte kallar det no ;)
Kjøkken, med utgong til hagen. Skal ha meg ein koseleg spiseplass framfor dei store vindauga her ;)

I stova, mot spisestova - her blir det heilt opent.
I loftsstova, med utgang til altanen.
Arbeidsrom/hobbyrom til høgre, disponibelt rom til venstre.
Det er heilt likt på motsatt side av huset, der vårt rom og alverommet skal vere :)

mandag 14. juni 2010

Kranselag



I dag, sånn midt mellom ferdig konstruksjon og tett hus, hadde vi ei lita markering, det berømte kranselaget. Best å få flagget på plass, tek seg ikkje like godt ut med ei filledokke på toppen av taket ;)
Vi tok gutane med på Peppes i ettermiddag der dei fekk mat og kaffi, og så ei flaske med noko godt i, til å ta med seg heim ;)

Kranselag er en gammel byggetradisjon som gikk ut på at byggherren spanderte en fest på snekkerne når huset var under tett tak. I dag er dette gjerne en gave (typisk rødvin eller konjakk) eller et måltid (snitter, pizza, etc). Dersom bygningsarbeiderne er fornøyde, setter de opp en krans eller buske i mønet på huset. Er de ikke fornøyde vanker det ei filledukke.
Frå Wikipedia.


Litt lite vind då flagget på huset skulle forevigast...måtte få ei hjelpande hand ;)

lørdag 5. juni 2010

Konstruksjon: check!


Då er konstruksjonen ferdig, og sperra på taket er komt på plass.
Artig å sjå meir den "ferdige" formen på huset!


Her er inngangspartiet, og badet i 2.etg., som vert tak over inngangen.

Plating av loftsetg. er godt i gang!