søndag 2. mai 2010

HUS- REIS DEG!



No går det unna.. Eine dagen er det "berre" ein grunnmur, og neste så har reisverket begynt å kome på plass :) Så vittig å sjå - no byrjar eg plutseleg å sjå kvar vindauga skal vere, og det blir lettare å sjå for seg romma. GØY!!

Flinke arbeidskarar :)


Her kan ein sjå der inngangsdøra skal vere, gjennom hallen, stova og ut gjennom dørene som skal gå frå stova til terassen :)



I dag var vi på ein liten tur til badevika rett nedfor oss. Her kan ein sjå både korleis det har blitt med muren, og vidare no med reisverket. Eg må sei at eg er skikkeleg nøgd med slik det er blitt! Eg syns arbeidet med muren og resultatet har blitt veldig bra, flinke folk! Det er jo så mykje snakk om store betongmurar i området her, og "dei om det" - men for å sei det slik, det var aldri eit tema hos oss. Både med tanke på økonomi og utsjånad. Her er det blitt brukt stein frå tomta vår, og eg syns det ser bra ut! Får vi noko grønt til å klatre oppover muren etterkvart så trur eg det bare blir enno betre :)

Om eg får sei det sjølv...hihi..


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar