tirsdag 25. mai 2010

Loftsetasjen





I dag var det lastebil med kran her for å heise på plass dei store dragarane i taket på loftet.

Vittig å sjå korleis høgda på huset blir, og litt meir formen på taket og huset sjølvsagt.




Takstolane vert bygde på plassen her.




Grei utsikt frå loftsstova :)

fredag 7. mai 2010

Tak mot loft/2.etg!



Japp, då er det vel så og sei fullt reisverk i 1.etg, bjelkelag er lagt mot 2.etg/loft, og no har dei begynt å legge golvet i 2.etg. Greit å ha noko å stå på når dei skal arbeide der oppe.. ;)
Her kan ein sjå kvar inngangspartiet/utbygget over inngangen skal vere - der oppe blir det bad.
Frå hjørnet i stova, mot spisestovedelen, og inn til kjøkkenet.

mandag 3. mai 2010

Vårteikn


Av og til treng ein ikkje så mange ord, eller kva? :)

Den første våren!

søndag 2. mai 2010

HUS- REIS DEG!



No går det unna.. Eine dagen er det "berre" ein grunnmur, og neste så har reisverket begynt å kome på plass :) Så vittig å sjå - no byrjar eg plutseleg å sjå kvar vindauga skal vere, og det blir lettare å sjå for seg romma. GØY!!

Flinke arbeidskarar :)


Her kan ein sjå der inngangsdøra skal vere, gjennom hallen, stova og ut gjennom dørene som skal gå frå stova til terassen :)



I dag var vi på ein liten tur til badevika rett nedfor oss. Her kan ein sjå både korleis det har blitt med muren, og vidare no med reisverket. Eg må sei at eg er skikkeleg nøgd med slik det er blitt! Eg syns arbeidet med muren og resultatet har blitt veldig bra, flinke folk! Det er jo så mykje snakk om store betongmurar i området her, og "dei om det" - men for å sei det slik, det var aldri eit tema hos oss. Både med tanke på økonomi og utsjånad. Her er det blitt brukt stein frå tomta vår, og eg syns det ser bra ut! Får vi noko grønt til å klatre oppover muren etterkvart så trur eg det bare blir enno betre :)

Om eg får sei det sjølv...hihi..


Hjarteleg velkomen!


Har kikka så lenge på slike kvisthjarter rundt omkring. Er jo å få kjøpt, men så tenkte eg at no må eg jo berre prøve sjølv! Billig - og ganske så kjekt når ein sit seg ned ute i det fine vårveret.

Dette hjartet var det første eg prøvde meg på, og heng på benken ved inngongsdøra vår. Er no ganske så koseleg å ha ved inngongen :)


Har laga to til etterpå, til mamsen og ei venninne, så får eg bare øve meg vidare.

Øving gjer meister :)