mandag 26. april 2010

Jaja, det går no på fram!


Japp, ting skjer. Betongdekket er støypt, mykje material er tilkjørt, og i dag byrja snekkaren :) Har ikkje bilete av det siste, men det kjem! Ver du sikker ;)
Kort veg til naboen...dvs barnevakten ;)

torsdag 15. april 2010

Simsalabim - grunnmur!



Betongbil leverar betong måndag, dugnadsgjeng riv forskaling tysdag.
Poff! Der var det ein grunnmur på plass :)

Så var det nokre timar med vask...



Og i denne skrivande stund er rørleggar på plass og styrar og steller litt med sånne rørting ;) Er greit å få på plass toalettmuligheter og slikt :)

søndag 11. april 2010

FORSKALING TIL GRUNNMUR: check!



Yeiiii! Her skjer det litt :)
Nokon har lurt litt på om ikkje huset vart litt VEL lite.. ;)

I går, laurdag, stilte brødrene byggmester på dugnad for å bygge forskaling til grunnmuren. Husbonden og papen` var med og var så flinke atte`.



Eit fantastisk ver her denne helga, så ein kan ikkje klage på arbeidsveret akkurat.

Sementen kjem i morgon, eller på torsdag.

Dette er så spennande! No ser ein litt tydelegare plutseleg korleis det blir, litt iallfall :)
Delen framme som går ut frå resten av huset er spisestova :) Kan godt sitte der med gode venner, god mat og drikke, ja!