mandag 8. mars 2010

Der det er hjarterom...



I eit innlegg tidlegare skreiv Lobeliadama om "hjarter i heimen", og eg tenkte hive meg på :)


I denne husbyggeperioden, så bur vi i ein liten leilighet på ca 40 kvm...litt overgong frå einebustaden vi hadde tidlegare.. Men alt går! Iallfall når ein veit at det berre er for ein periode. Tenk så mykje vi har å sjå fram til!!! Og så mykje meir som må ryddast og haldast reint!!!...


TIPS: Den kvite krukka er kjøpt på MesterGrønn til 30 kr! Superbillig syns eg :) Planten, som eg aldri hugsar namnet på, men som eg er veldig glad i, kosta 35 kr, så dette vart eit fint og billig innslag i heimen.


Men i alle fulle fall -

"Der det er hjarterom, er det husrom" . Så når nokon vil på besøk så trenger vi oss saman i 2,5-seter`en vår, har det ganske intimt, og veldig koseleg :)



onsdag 3. mars 2010

HAPPINESS IS NOT HAVING WHAT YOU WANT, BUT WANTING WHAT YOU HAVE


Ja, gid det var så lett.... Fornuftig og klokt sagt, og heilt rett - men eg skal ærleg innrømme det: EG BLIR GLAD NÅR EG FÅR KJØPT MEG NOKO NYTT SOM EG HAR HATT LYST PÅ! Sånn. No er det sagt :)

Sitatet er forresten frå strikkejakka mi frå Chill Norway. Lett for dei å skrive noko sånt, dei som lagar dei lekraste plagg som eg er blitt så glad i, og som kostar ein liten sum. Haha!

Så då tenkte eg vise fram den nye hylla mi som eg har kjøpt hos Lobelia. Og eg vart skikkelig glad då den kom opp på veggen. Glad, ja!

Lysestakane frå Riviera Maison var julepakke til Anne FRÅ NISSEN!!! Tenk kor glad eg vart då! Dei berre låg heilt plutseleg under juletreet, og ingen skjønte kor dei kom frå... ;)

Saman med hylla frå Lobelia snopa eg meg ei ny, FANTASTISK bok!
Romantiska hem & Inspiration i vitt.

Denne og ei bok eg hadde frå før, Inred och dekorera ljust och lantligt (kan òg kjøpast hos Lobelia), er bøker eg kan sitte og bare bla og bla i... Inspirasjon, kom!
Ekstra kjekt på dei berømte vinterdagane og sitte inne og kose seg med desse :)

Det snør, det snør, tiddelibom...


..nå snør det MYE mer enn før... :)



Du verden, det er faktisk forståeleg at ein pratar mykje om veret i desse dagar. Slike mengder med snø som det er no kan ikkje eg hugse at det har vore før
(no er ikkje eg SÅ gamal då, men.. ;)).

Eg har ikkje så mykje nytt å vise frå tomta enno, men det er faktisk arbeid på gang der. Snøen har ikkje vore ein stoppar for dei arbeidssome karane vi har leigd inn, nei. Dei går til og med og kostar og måkar snøen bort frå muren og steinane slik at dei kan halde fram med arbeidet sitt! Sånt likar vi, og sånt viser arbeidsinnsats!

Gravemaskin i soloppgang....

Men trass i at det blir nok snø til slutt, og vi ikkje heilt kvar vi skal gjere av alt saman, så er det flott òg...spesielt på dei solfylte vinterdagane...
Og så må vi hugse på pip-pip`ane då... Shit..plutseleg kom eg på at det er MITT ansvar no når dei ellers fugleansvarlege i huset har flykta til varmare strøk, saman med andre fuglar...

Ja ja, det er no litt sjarmerander òg med denne snøen. Det hjelper iallfall ikkje å vere negativ og berre klage! Kor ofte har vi på Vestlandet eigentleg ein SÅ stabil og fin vinter? Regnet kjem tidsnok!