tirsdag 9. februar 2010

Ferdig med å sprenge..

Ja, då er bombemannen, som eg kallar han... ;) ...ferdig med sitt arbeid. Plutselig er det blitt ei flat tomt! Der det før var tre, mose og lyng, er det no ei flate av stein.. Høyres nesten litt vemodig ut...men det skal jo bli så bra!!

Her er innkjørselen til tomta vår. Haugen av stein til venstre på biletet skal brukast til fyllmasse heilt framme på tomta der det først må komme opp ein mur. Så det skal altså bli heilt flatt der haugen ligg no ;)


Sjølv på ein grå formiddag kan eg sjå for meg korleis det skal bli...og eg berre gler meg... Tenk å få sitte på terrassen eller på graset som kjem her framfor huset med eit glas vin på sommarkveldar eller te på haustkveldar, inntulla i eit pledd og berre nyte utsikta... drøyme..drøyme..drøyme... :)

I framgrunnen kan ein sjå kvar tomtegrensa går (kvitt tau). Der skal muren komme, og det vil sei at vi får nokre kvadrat til til hagebruk. Hurra!!