torsdag 28. januar 2010

Barnedåp

3.juledag vart Alva døypt.
Namnet Alva kjem frå alv, og alven er eit teikn på når det umogelege vert mogeleg/trua på det umogelege. Ganske fint syns eg :)



Alva var riktig så snill heile dagen, og sov seg gjennom stort sett heile gudstenesta. Einaste var då mamma skulle fram og synge, då gav veslejenta frå seg litt lyd...skal eg ta det som eit hint av noko slag, eller?? ;)

Dåpskjolen er ein gamal kjole, sydd på slutten av 1800-talet av mi oldemor, altså Alva si tippoldemor. Både eg, far min og farmora mi er døypt i kjolen - og mange fleire i slekta. Stor stas :)

Middagen hadde vi i ein restaurant like i nærleiken her, og kaffien heime etterpå. Eg klarte ikkje å dy meg heilt, så eg måtte pynte bordet litt til middagen òg, slik at det vart litt "oss". Eit lite glimt av bordet - brukte fattigmannssølv av ulikt slag, mest kvite og nokre rosa lys, kvite englevinger, og kvite og rosa blomar som ei venninne laga til for meg, og rosa serviettar. Det vart ganske så greit :)

onsdag 27. januar 2010

Glaskula

Ikkje ei kule eg kan spå så mykje om framtida av kanskje, men du kor flott den er likevel! Fekk denne av ei venninne til 30årsdagen, trur den er laga av ein glasblåsar i Ålesund. Syns det var så stas å få den, då venninna mi sa at den passa så godt til meg!
På kula står det positivt lada ord som latter, mot, smil, vennskap, trygghet, lykke, kjærlighet, tillit, osb...



Heldige meg som har så gode vener!

lørdag 23. januar 2010

Stein, stein og meire stein...

Etter ei veke med ka-boooom og risting i nabohuset, har det skjedd litt på tomta ja, men enno er det meir som skal skytast og som skal fraktast bort. Eg trur kanskje vi har litt meir stein enn kva vi treng sjølv ;)


Men det går på fram, og det er veldig kjekt! Enno skal det gravast meir, òg der som det er flatt no - vi skal lenger ned, må vere litt snille med naboane òg :)

Framleis like nøgd med utsikta - det går litt meir opp for meg at dette skal vi sjå på kvar dag, forhåpentligvis resten av livet :) eh....utan gravemaskina og opphøgde bildekk vel og merke ;)

Det er dyrt å bygge hus, det visste vi, men dyrare enn tenkt kan det bli... Muren til mamma og pappa ryk visst med òg etter alle desse salvane som har blitt avfyrt... :(
Jaja! Det ordnar seg!! :)


Ikkje så godt å sjå, men det er sprekker i muren, bitar har falt av, og store delar heller mot vegen.
NO ER DET VIKTIG Å FÅ MED AT PAPEN` VAR VELDIG TYDELIG PÅ AT DET GJORDE INGENTING OM MUREN RAUK UNDER SKYTINGA...trur nesten han såg muligheten for å gjere noko nytt i hagen... Så då trong ikkje bombemannen ta SÅ mykje hensyn som han brukar gjere.. ;) Så då blir det ikkje så dyrt for oss då...han bad jo nesten om det ;)
- sånn, må ikkje bli noko misforståelsar her...sant?? :)

fredag 22. januar 2010

Lesestoff

Er det noko eg kan bruke tid på så er det å lese i interiørblader og berre drøyme meg bort.... Merkeleg nok, etter veslejenta kom så har eg liksom ikkje så mykje tid som før til meg sjølv... ;) Nokre gonger kan bladet bli liggande på stovebordet I PLASTIKKEN før eg får tid til å sette meg ned og berre nyte. Men men - blada forsvinn ikkje. Favorittane samlar eg på, og tek dei fram no og då, og berre drøymer - og planlegg litt for nyehuset... Kjekt!!!

Blad eg abonnerer på/kjøper fast :)

torsdag 21. januar 2010

Herleg venninnetreff!



I dag var det på ny tid for venninne-kaffi-treff :) Herleg! Det er utruleg kva slike møte kan gjere med ein, eg rett og slett ELSKAR å gå på kafè med jentene "mine"! Balsam for både kaffimagen og sjel.

Ein kan sei mykje om gode vener; at gode vener er dei ein kan bare vere stille saman med. Men du verden kor ein kan tyte og kakle over ein kopp kaffi òg!


Heldige meg som har så gode vener!

lørdag 16. januar 2010

Framgong!

På ei lita veke er så og sei alt av jord, buskar og kratt borte vekk frå tomta vår. Mykje fjell står igjen, men på måndag byrjar dei å sprenge bort dette òg. Då får vi ein stor flate med plass til hus og hage :) Litt natur er fint å ha med syns eg, men planen er å ha plass til ein stor flat plen framfor/ved sida av huset. Dvs ein kubb-plen!

Vi kan ikkje heilt klage på utsikta heller.. Vi har vore fantastisk heldige! Tenk å ha denne utsikta frå stove og kjøkken heile tida!! Om vi reknar vekk dei grå, overskya regndagane då...det er jo berre eit par av dei her på vestlandet... ;)

Kort veg til stranda! Kanskje greiast å ta den vanlege stien...eller kanskje ein taustige hadde vore tingen??...

Posted by Picasa

Kveldsstund


Tenk, veslejenta mi blir så stor så fort! Og tenk så koseleg, allereie no kan vi starte gode tradisjonar - både med fine "ritual" før leggetid, og ikkje minst å prøve og skape lesarglede! Så langt er det ikkje så mykje lesing då, men det fenger likevel - flotte fargar, bilete og trening på lydhermande ord ;)

fredag 15. januar 2010

DISKUSJON: Kva type sprossar???



Det er ikkje lett..val, val, val.. I dag: Kva type sprossar skal vi ha på vindauga?? Vi veit at det blir utanpåliggande sprossar. Så langt alt greit :) Men, min betre halvdel ønskjer utan dei med små "ruter" oppe, eg ønskjer med... (Ikkje så lett å ha ei meining om det for dei som ikkje ser for seg korleis huset skal sjå ut då, men.. ;)).
Nokon som har fasiten?? :)

mandag 11. januar 2010

ALVEN VÅR


1.oktober vart vi foreldre til ei velskapt lita jente - vårt etterlengta vesle mirakel! Tenk så fantastisk - ti små fingre og ti små tær. Alt er på plass! Ein kan seie kva ein vil, men livet får verkeleg ein ny dimensjon. Andre ting er ikkje like viktig lengre. Vi har fått ei fantastisk gåve! Ei gåve, med til tider god lungekapasitet og godt temperament... ;) Godt dei seier frå når det er noko dei vil, seier eg! Og når jenta er 3 mnd og sover heile natta, smiler og bare er GOD, ja då tåler vi litt lyd innimellom!
Heldige meg. Heldige oss!

VI ER I GONG!!!




ENDELEG! Vi har venta lenge, men no skjer det! I dag byrja gravaren på tomta vår! Aldri før har vi vore nærare målet vårt ;) Så får vi bare håpe at ting går slag i slag, vi er iallfall meir enn klare for å få huset vårt på plass på draumetomta vår!