mandag 20. desember 2010

ENDELEG!!!!!


Velkomen inn til oss!!
Endeleg vart huset ferdig! Vi nådde målet vårt, og kom inn før jul....vel og merke er det ikkje særleg "julete" her inne no... Her er esker, plast og papp overalt! Møblar her og der, og gamle ting og tang som eg burde ha kasta før , er no her og eg veit ikkje heilt kvar eg skal plassere det...

Men men, vi får ta tida til hjelp, så kjem vi nok inn på skikkeleg etterkvart.

Her kjem eit lite biletras iallfall.... Bilete har vi ikkje fått tatt sjølv, så her kjem lånebilete frå dei som har gjort ein formidabel innsats og draumen vår verkeleg! http://byggmesterskaatun.no/ferdigstilte_prosjekt/enebolig_brothaugen/



Eg er supernøgd, og forstår nok ikkje heilt at dette er vårt (og banken sitt;)), og at her skal vi bli!















torsdag 2. desember 2010

Kjapp oppdatering!

Ei kjapp oppdatering med eit lite biletras her ;)

Ting går absolutt på fram, og vi byrjar sjå lys i enden av tunnelen!
Gubben min står på, han er så flink!! Vi har fått hjelp av snille Arne og ikkje minst papen` min òg, men eg er skikkelig imponert over min ektemake! Må få skryte litt av han ;)

Det blir seine kveldar no med jobb i huset og tentamensretting, så dette blir kjapt og enkelt:

Hallen! Til venstre kjem den svarte doble inngongsdøra, inn til gjesterommet rett fram, fram og til høgre er det inne til gjestetoalett/bad, og stor opning inn til høgre er inn til stova og kjøkkenet. Trappa er levert, og snart erstattar den den brune trappa ;)
Er veldig nøgd med fargen på veggen, og med flisene!


Frå loftstova mot trappeholet: kontor inn døra til venstre, og inn på badet rett fram!


Alven sitt rom! Vart litt kvitt alt her, så eg malte den eine veggen her inne - måtte bli litt jenterom ;) Her er stort sett det meste klart! Kanskje go`jenta bare kan flytte bort med ein gong?!? Ho treng eit eige rom no, og baby call`en virkar jo bort til oss... ;)


Badet! Her har vi leigd inn fagfolk til flisinga...kanskje det beste... Mørkebrune fliser på golvet, kvite med litt struktur på vegg.


Disponibelt rom/ ekstra gjesterom.... ALTSÅ: roterom dei første vekene....månadane...åra?!?.. ;)


Kontor/hobbyrom! ÅÅÅÅÅÅ! Kor eg gler meg til å kunne få fram igjen hobbysakene mine, og bare kunne ha det liggande framme heile tida, gå til og frå.....


Tapeten min!!!!! Er supernøgd med denne fondveggen i stova! Merkelige greier, men då eg kom heim frå jobb i dag og såg dette så vart eg så fantastisk glad!! Ikkje meir som skal til ;) Ein herleg tapet frå Osbourne & Little som eg fekk bestilt frå BerleTaburetten. Syns den er så fin, og den gjer så mykje med dette rommet! ME LOVE! ;)
Må opplevast live - bare kom!!

Ja....her manglar det jo noko vesentlig.... Industristil kan vere tøft, men eg trur vi står over betonggolvet... Her blir det lagt golv i helga! Og så kjem det nok nokre lister opp òg etterkvart vil eg tru.


Ja, og så kjøkkenet då. Nett no er visst dette roterommet! Kjøkkenskroga er ferdigskrudd, og klare til å monterast på vegg - heldigvis av fagfolk! Kjøkken: Lidingö frå IKEA. Syns fargen på veggen vart bra òg, Sahara heiter den.
Det var det for no - kjapt og gale!!

søndag 7. november 2010

Bare for å skryte litt....

http://siljeholte.no/blogg/?p=1669

Må jo vise fram, når eg er så nøgd over flotte bilete, og ikkje minst stolt over den herlege jenta mi ;)

Supernøgd med timen vår hos fotograf Silje Holte i går!! Problemet no blir å plukke ut noko av dei over 100 flotte bileta...

torsdag 4. november 2010

Veggar og tak på loftet!


Då er veggar og tak så og sei klart i loftsetasjen! Så då er det berre til å sette igang snart med golvlegginga....
Her over er alven sitt rom. Kanskje litt veldig kvitt?!? Har lurt litt på å male veggen til venstre i ein farge...for å få litt meir "liv" der inne....


Her er loftsstova mot badet og inn til venstre til vårt rom. Malar byrjar sansynlegvis rett over helga med sparkel, maling og alt slikt. HURRA!!


Trappa kjem opp til høgre på biletet, rett i loftsstova, med utgang til balkongen. Til venstre ein liten bod - noko som nok blir kjærkomment då vi ikkje har kjellar ;) Same opplegg, berre litt større bod, på høgre side av stova. Syns taket vart bra òg! Har valgt å ha det litt høgare her enn "standard" høgde.

fredag 29. oktober 2010

1,5 mnd igjen.....



Ja, no må det berre gå unna dersom vi skal vere inne i "god tid" før jul... ;) Planen er omkring 15.desember, og det MÅ vi bare klare. Arbeidsfolket står på, og ting skjer!

Her har vi hatt besøk av elektrikar! I tillegg har gubben vore flink og er godt igang med å trekke rør til nettverkskablar, tv, lyd, fiber..... Ja, alt det der ;)

Den MIDLERTIDIGE trappa ;) står der den bestilte, kvite trappa skal komme, og så ser vi inn på vaskerommet.




Vårt soverom!! Så og sei klart for sparkling og maling :) I utg.punktet skulle hjørnet nederst til venstre på biletet bli walk-in garderobe, men vi fant ut at det kom til å bli både trangt og lite praktisk, så no droppar vi det, får eit litt større og opnare rom, og så blir det skyvedørsgarderobe på heile veggen mot alven sitt rom.

Garderoben har byggmester B(jarte)ob og co bygd inn, så det vil nok sjå bra ut!



Eit disponibelt rom. Greit å ha eit rom vi kan slenge ting og tang inn i, spesielt i byrjinga når det blir kassar og alt mulig som skal sorterast! :)



Svart bad!! ;) Nei, det blir det ikkje, men her er det snart klart for å fliseleggast :)


God helg!!

onsdag 13. oktober 2010

STOOOOOOR terrasse!! :)


DÅ er huset klart utvendig! "Bare" litt småmaling igjen, t.d. rekkverket oppe på altanen som òg er ferdig no. Eg syns det vart kjempeflott!! Flinke byggmester Bjarte :)

Inne skjer det eigentleg mykje òg, absolutt viktige saker, men slike saker som ein kanskje ikkje ser så mykje...dersom ein ikkje ser opp i taket då, og legg merke til ventilasjonsanlegg og slikt som er komen på plass! No gler eg meg til å sjå at veggane kjem opp snart!


No er det terrassen som nærmar seg ferdig. Vi får ein STOOOOOOR terrasse, og her gler eg meg til fine dagar! Kan dekke eit ganske bra langbord her ;)
Vi har jo hatt eit nydeleg ver i helga som var, så då var husbonden og pappa ute og arbeida stort sett frå morgon til kveld. Flinke manna`!


Her skal det altså bli beint... ;) Og så, litt innpå kanten, skal det komme eit stål/galvanisert rekkverk, som skal målast svart.


Alva sit trygt innpå terrassen og sjekkar båtlivet på fjorden. Ho virka ganske så nøgd ja, spesielt med "trene-på-å-gå"-høva på den nye terrassen!

mandag 13. september 2010

Det kvite huset


Det nærmar seg ferdig hus utvendig, og ferdig måla hus - utvendig :)

Husbonden og pappa har stått i og måla mykje! Herleg å få det ferdig no i år, så kan vi konsentrer oss om hage og slikt neste år.
Og bare sånn til opplysning så har eg måla nokre av "vannborda" før dei kom opp på huset.. ;)

Her, framfor heile huset, fram mot fjorden, kjem det terrasse no snart, som gjerdet skal festast i.



Siste innspurt utvendig som sagt. Takstein, lister, takrenner, osb. er snart ferdig og på plass!



Og så kan eg bare gle meg til neste haust... Då skal eg sitte på terrassen eller balkongen med eit ullteppe rundt meg, ein god, varm kopp te, og bare kikke på den nydelege kveldssola som skin på fjella på andre sida av fjorden... :)

onsdag 25. august 2010

(be)KLEDNING!


Då har huset byrja å få kle(dning) på seg! Fint syns eg! Blir liksom litt meir hus ut av det med ein gong då.


Vi er igang med maling òg, like greit å få gjort det no. Reknar med at det er meir enn nok som skal gjerast i hagen til våren og sommaren igjen...
Her er det pappa som har vore og fått malt to strøk allereie i gavelen på eine sida. Kledningen kom ferdig grunna, så då er det nok med to strøk maling - heldigvis!
Rein kvitfarge blir det både på veggar og lister.






Her er det lagt to lag med isopor, og så skal det i løpet av veka komme varmekablar oppå. På måndag kjem det folk som skal legge finstøyp oppå kablane.
Ifølge husbonden sin blogg er det han og pappa som har arbeida med dette, og dei har gjort ein kjempejobb! Men bare for å ha alt på det reine - eg har faktisk vore med eg òg... :)

søndag 8. august 2010

Mens eg ventar.....







...på at huset skal få "kvilt seg" og tørka ferdig i ferien, har eg, av alle ting, funne fram symaskina. Mamma si symaskin, må vite. Eg har ikkje ei eiga, for å sy har ALDRI vore noko for meg. Eg hugsar ikkje kva eg hadde i tekstilforming på ungdomsskulen, eg må vel ha fortrengt det.




For nokre år sidan kjøpte eg eit kvitt stoffstykke der eg berre skulle sy inn kantane for å bruke stykket til duk, men det er ikkje "berre berre". Eg kunne jo ikkje ein gong sy ei rett linje!





Men så er det sånn då, at eg har sett så mykje fint som eg har hatt lyst til å prøve å sy sjølv. Mykje kan ein kjøpe, men det er ofte dyrt, og så er det jo kjekt å få til å lage noko sjølv òg.




Tidleg i sommar var eg på Stoff og Stil, og du kor mange fine stoff som var der! Så eg kjøpte. Og posen med stoffa har blitt liggande i boden. Men no i veka fant eg ut at det var berre til å kaste seg i det, og prøve seg fram. Det gjekk ikkje så verst då, eg klarte til å med å feste tråden riktig på maskina ved første forsøk! Kanskje det er litt slik som å sykle? Når ein først har lært det, så..?!





Resultata vart iallfall ei vimpelrekke som alven skal få ha på rommet sitt i nyehuset, og ei pute til kjøkkenbrisken min. Og får eg sei det sjølv, så er eg ganske så nøgd!




Kanskje det blir ønskje om symaskin til neste bursdag?? :)