tirsdag 28. februar 2012

Jord"gumman" vår....


Alven vår har vore på sitt første karneval..... Mor har tenkt at ho skal prøve å bruke det vi har heime, kanskje klare å sy om noko etterkvart og ikkje bruke så mykje peng på slike festligheiter som kjem til å komme år etter år. Men så såg eg dette superskjønne antrekket..... til ein ganske så grei pris faktisk.... Så då vart det eit lite jordbær på karneval i barnehagen i år....
Skjønningen vår!  ...som ikkje er like medgjerlig når ho skal fotograferast lenger... ;)

Jordbær på svensk = jordgubbe, gumma betyr liten "dame"/kjælenamn på gode, skjønne jenter. Dermed: jordgumma :)

mandag 2. januar 2012

Godt nytt år!


Eit nytt lite livsteikn frå meg.... lurer på om eit nyttårsforsett, sånn for meg sjølv, skal vere at eg skal bli enno flinkare til å få ut nokre nye innlegg på bloggen?!? Bare sånn bittepittelitt oftare enn det har vore?!?.... Eg syns jo det er moro, og ikkje minst så er det utrulig kjekt å lese på andre sine bloggar!!

Biletet over er tatt ut vindauget på flyet, morgonen på veslejulafta - på veg til Sverige for julefeiring hos svigers. Korleis var det igjen... "Over skyene er himlen` alltid..."?!?
Eit fantastisk skue med soloppgongen var det iallfall.


Eitt par julestemningbilete frå heimen....
For å sleppe å dra på for mykje til nabolandet i aust, og for å dele opp litt for alven, hadde vi ei ekstra julafta i romjula då vi kom heim igjen. Mammo` mi stilte med pinnekjøt, eg tok med riskrem frå Rema, og det var nok pakkar under treet her heime òg...


Desse to nissane passar på treet..... Både husbonden og eg har arva kvar vår gamle nisse frå kvar vår bestemor. Det er mange, gode barndomsminne som følgjer med desse to...



Vingene frå Walthers som eg berre måtte "snope" meg før jul då eg var på AC Home på Askøy...


Og ikkje minst Maileg-nissane som sit i gangen og ønskjer store og små velkomen!
-eller "mamma, pappa, Aia`-nisse" som alven vår seier ;)

Ønskjer alle kjente og ukjente som er innom bloggen, sjølv med svært lite aktivitet, eit riktig godt nytt år. Må 2012 bli eit opplevelsesrikt og godt år for dykk alle!
Klem frå Anne!

torsdag 3. november 2011

Alverommet


I anledning alven vår sin 2årsdag, så tenkte eg vise nokre glimt frå alverommet.
Velkomen inn :)


Benken er kjøpt hos Mitt Rom på Nesttun, ein herleg "godtebutikk"...
Fillerya på golvet har svigermor laga. Vi har ei blå liggande òg, for desse fekk vi medan alven var i magen og før vi visste om det var ei lita jente eller ein liten gut på veg!


Tallerkenhylla kjem òg frå Mitt Rom. Ikkje noko revolusjonerande å bruke desse til bokhyller, men det er verkeleg kjekt å få sjå dei flotte framsidene på bøkene!




Sengeteppet frå Gripsholm sett mellom sprinklane på senga.
No er tankane rundt: kor tid er det på tide å skifte ut sprinkelsenga med ei juniorseng?!?


På veggen over senga heng det fine print/plakatar frå Sagen Vintage, og heilt til høgre eit englebilete som eg hadde over senga då eg var lita :)


Var litt usikker på korleis det ville vere med wallstickers på ein panelvegg, så då var det greit at ikkje det kosta for mykje.
25,- hos Søstrene Grene!!
Og så vart det jo fint òg, syns eg :)


Speledåse frå Kremmerhuset.


Som bileta over og under viser så er eg ganske svak for Mailegprodukta... Og heldigvis er det ikkje berre mor som er glad i dette, alven leikar mykje med dette òg. No for tida er det prinsessen på erten som er veldig populær - ho følgjer med stort sett overalt i huset!




Ønskjer alle ei riktig god helg - snart iallfall! :)

søndag 9. oktober 2011

2-årsdag!


Det er verkeleg heilt utrulig kor fort tida går.... Det er noko vi ofte seier, eg veit det, men eg meiner det verkeleg òg! Torsdag 1.oktober 2009, kl.17.25, ein flott haustdag, kom alven vår til verda. Tenk, det er to år sidan allereie!


No er altså den etterlengta godjenta vår blitt 2 år, eller "tor jette" som ho sjølv seier ;) ,
og dette må vi sjølvsagt feire!


Familie frå Noreg og Sverige, fadrar og nokre "småkompisar" har fått vere med og feire alven vår, og hovudpersonen sjølv har vore svært nøgd!


Sjølvsagt måtte ho få vere med og hjelpe til med bakinga,
og sjølvsagt måtte ho ha "kona på håve" heile tida :)


Eit festdekka bursdagsbord!
Tallerkar og koppar frå Green Gate, kjøpt på Anemone, og heimelaga vimpelrekke i vindauget.
Eg kom på kvelden før festligheitene at vimplar hadde vore kjekt å ha. Då eg ikkje har
symaskin vart det ei anna løysing med papir frå Tilda.
Syns det gjorde seg i vindauget, om eg får sei det sjølv ;)
...til og med husbonden syns det vart fint med litt "vinaugepynt"!...


Muffinsstativet har vore mykje i bruk, både til eigne muffinsar, men òg til venninner som har hatt barnebursdagar i heimane sine. Syns det gjer seg på bordet!



Eg er ikkje så veldig stor tilhengjar av godteri til sånne småtassar som enno ikkje veit kva det er... Alven vår et ikkje (får ikkje..., men har aldri heller spurt etter om ho ser at andre har) "snop".
Men det er klart at ei overrasking til gjestane er koseleg likevel, så her fekk veslejenta dele ut ein pose til kvar vesle kompis før dei gjekk heim. Innhald: såpeboblar og kjeks (med sjokolade inni!! ;) ).


Med ønskje om ei riktig god veke!
- eg skal nyte haustferien :)
Anne

søndag 18. september 2011

Ein haustsøndag i stova

Ein fin søndag er nesten over.
Ute har det vore riktig haustver i dag, men faktisk så letta det og lysna litt i kveld. Herleg!
Nokre glimt frå stova i dag.

Dette fine hjartet kjøpte eg for ei lita stund sidan på Anemone, ein fiiiiiin butikk i Arna.
Dei har eit fantastisk utval av vakre blomar, og ikkje minst mykje snop for ein med stor interiørinteresse... ;) Hjartet er fint i seg sjølv, men ekstra fint når ein kan pynte opp med ferske, avskårne blomar - heilt etter kva som passar.


Lese-/kosekroken min!


Ein avskoren Hortensia på spisebordet, ein av mine favorittblomar.
Fatet frå Mateus fekk vi til bryllupet vårt. Det er så fint!



Lesekrok nummer 2! Den flotte Hortensiaen i krukke fekk eg på fredag då eg hadde besøk av koret eg syng i. Ein koseleg kveld med ein herleg gjeng songvener!


På veggen heng to litografi av Førde-multikunstnar Oddvar Torsheim. Artig type med tøffe bilete!
Under ei lita samling Lene Bjerre- og Riviera Maison-produkt, nokre av dei merka eg har blitt veldig glad i.


Med ønskje om ei god veke!
- nyt livet, regnet, jobben, middagsplanlegging og gjennomføring, familien, vener:
alternativet er så mykje verre.
Heldige meg som har det så bra!!

mandag 8. august 2011

Vakre, vakre Rosendal


Min favorittstad er utan tvil Rosendal. Den vakre bygda som ligg omkransa av store, mektige fjell, fossar og fjord, og med ei lang og spennande historie bak. 

Eg har så lenge eg kan hugse vore tiltrekt og interessert i Baroniet og historia der. Eg var ikkje gamle jenta då bror min tok meg med på mi første omvisning i det vesle slottet, og etter det gjekk eg på fleire omvisningar kvar sommar, og skreiv ned alt eg hugsa etterpå.


Draumen min i mange år var å få sommarjobb som omvisar her inne.... men slik vart det aldri.


Hit går eg rusleturar kvar gong eg er på min "andre heimstad", nyt alt det vakre som er å sjå og ikkje minst roen som er her. Denne sommaren har det blitt alt for lite tid i Rosendal, men eg satsar på at hausten kjem med fine helger!


For 8 år sidan gifta eg meg i den gamle steinkyrkja i bygda. Festen hadde vi på fjordhotellet, men vi reiste først med hest og kjerre opp til Baroniparken for å ta bilete. Det var ein fantastisk dag, ei fantastisk helg! Bygda fekk vist seg frå si beste side i strålande solskin - ekstra kjekt for alle dei tilreisande gjestane!



Eg trur mange menneske har slike favorittstader. Stader ein knyttar gode minne og opplevingar til. For meg er det alle dei gode minna og opplevingane frå helger og ferier hos besteforeldra mine (på begge sider!): rommet mitt på loftet i "mormor-huset", sauebreking og hanen som gol alt for tidleg på morgonen, Svarte Per med mormor ved kjøkkenbordet, handletur med farmor, farfar som song og spelte på sine trepinnar, farmor si blautekake..... Og Baroniet. Eg kjem ikkje unna at dette flotte huset, parken og historia har sett spor hos meg.
No håpar eg at min vesle alv skal få gode opplevingar, minne og tilknytning til denne vakre bygda, og til det som òg er blitt hennar "mormor-hus".

lørdag 4. juni 2011

Eit lite livsteikn.... med ein stemningsrapport!

Hei alle saman!
Det er veldig stas å få tilbakemeldingar, både her på bloggen og ellers, om at folk ønskjer nye innlegg. Og det er ikkje lysten det står på!! Eg har bare vore så usikker på kva eg skulle blogge om, kor mykje eg skulle vise fram, skillet mellom det offentlege og det private.... Eg veit ikkje om eg er blitt så veldig mykje klokare, meir enn at eg blir så utrulig inspirert av andre sine bloggar eg er innom, og at eg har så lyst sjølv! Så då prøver eg igjen, så får vi sjå kvar vegen tek meg :) Satsar på at lyse, fine (forhåpentligvis..) sommardagar og kveldar, ferie som snart står for døra, og ein tentamensbunke som minkar, gjer meg litt meir bloggeklar igjen!
Eg har lenge hatt lyst på to dekkstolar, eg såg liksom for meg at det ville vere fint å ha framme på terrassen, og for litt sidan fekk eg det! Fekk og fekk.... kjøpte, med ei fantastisk pengegåve til 30årsdagen min for nokre år sidan.
Pionar er vakre!
Ein liten stemningsrapport frå Bjørnefjorden ein fredagskveld i ti-tida.... herleg!
Hortensia er òg blitt ein favoritt... ute som inne! Ganske artig eigentleg, det er ikkje SÅ mange år sidan eg syns dette var skikkelege bestemorsblomar, og det var ikkje med ein positiv undertone den gong ;)
Dette nydelege kruset har eg fått frå mi kjære kusine, har to til med andre motiv. Små herlege detaljar i mønsteret, både inni og utanpå....
Ser du vingene til bia nedi kaffien? :)

Med ønskje ei riktig god helg, og at innlegga mine skal bli litt meir hyppige framover ;)
Anne :)
PS: Det vart jo veldig så oppstilt og dandert på terrassen i kveld, snur eg meg så ser ein litt meir av kvardagen ;)